[columns]
[column6]
Sidan 2004 har vi bistått verksemder og kommunar i bruk av design som strategisk verktøy. Strategisk design vil seie å arbeide med design i eit breidt perspektiv som omfattar meir en formgjeving. Det handlar om å ta eit heilheitleg grep der kunnskap om brukaroppleving, formgjeving og marknadsføring kompletterar einannan. Strategisk design kan på den måten utvikle og styrke alt frå eit enkelt produkt eller ein teneste, til organisasjonen sitt varemerke og identitet. Brukarfokus og tett dialog mellom oppdragsgjevar og ulike fagdisiplinar er ein viktig del av våre designprosessar.

GROM design står bak dei første norskutvikla leikeprodukta med svanemerket. Leike- og språkverktøyet Troll i ord er utvikla for bruk i barnehage, skule og heim, og består av innhald for pc og berøringsskjermar (nettbrett og interaktive tavler) og av fysiske produkt som treleiker, eventyrhefter på mange språk, ordkort, problemløysingskort og fortellekort.

I utvikling av læreverktøyet samarbeider vi med Margareth Sandvik, dosent i norskdidaktikk (HiOA) og Sigrunn Skretting (migrasjonspedagog). Dagleg leiar i GROM er også utdanna førskulelærar og har teke hovudfag i visuell kommunikasjon med tema læringsressursar.

Vi har fokus på langsiktige og berekraftige designløysingar og vart i 2010 godkjent som miljøsertifisert verksemd gjennom stiftinga Miljøfyrtårn. Designerane i GROM har hovudfag/master innan Visuell kommunikasjon og er Autoristerte Medlemmer i Grafill. AMG-tittelen står for garanti for høy standard, etisk bevissthet og faglig erfaring
[/column6]

[column6]

[/column6]

[/columns]